Blondie blogg

This is my shit

Baby, it’s my world, you’re just in it.

ADHD

ADHD, Attention Deficit Hyperactivity Disorder.
Dei fleste veit vel ka det er.
Å ha en person med ADHD i familien kan vere ei ekstrem utfordring, både fysisk og psykisk.
Når en av dine mindre søsken lider av denne sjukdommen, kan det vere veldig vanskelig.
Mamma og pappa er stort sett slitne heile tida, og det fører til at det ikkje blir so masse energi eller tid til overs til oss andre i familien.
Når pappa er vekke på jobb i fleire veker i strekk, og mamma må ta seg av huset åleine, blir det ekstra vanskelig.
No i høstferien har pappa vert vekke, og mamma har jobba kver dag heile veka, derfor har eg måtta vere heime og passe på mine 3 småsøsken. En av dei har som sagt ADHD.
Mamma bestemte med en gang at han skulle vere hos besteforeldrene mine minst en av dagane. Eg føler på en måte at det blir litt fælt av oss å sende han vekk, fordi vi er redd for at han skal lage bråk og sånn heime. Og det er nettopp det som er vanskelig.
Det at vi faktisk må sende han ut av huset, for at han ikkje skal krangle og sloss med dei andre 2.
Dei dagane han er heime kan vere veldig slitsomme, spesielt viss eg er åleine med alle 3.
Han begynner allerede frå han står opp, han og lillesøstra mi krangler konstant om noke, og det ender alltid med at søstra mi hylgriner.
Ofte veit eg berre ikkje ka eg skal gjere, får lyst å skrike, slå i veggen og grine.
Det har skjedd meir enn en gang at eg har ringt til pappa eller mamma og berre grått i telefonen fordi eg ikkje aner ka eg skal gjere for å roe han ned.
Han tramper i golvet, slår i veggen, roper stygge ting og i verste fall begynner han å sloss med den andre broren min.
Når dei begynner å sloss, blir eg alltid like redd, for at dei skal skade kverandre, og eg prøver alt eg kan for å stoppe det.
Det er frustrerande når du prøver å stoppe noke som du egentli veit du ikkje kan gjere nokenting med, for han høyrer aldri etter når han først har blitt sint.
Når mamma kjem heim frå jobb om dagane, er ho trøtt og sliten, då vil ho helst berre ete middag og slappe av. Men det blir skjelden sånn, fordi broren min heile tida maser på ho og sånn. D blir mamma endå meir sliten, og det ender ofte med at ho blir sint. Og når ho blir sint på han, går det også utover oss andre, ho blir generelt i dårlig humør.
Eg kan ikkje huske sist eg og mamma satte oss ned å snakka ilag, eller gjorde noke ilag berre meg og ho. Fordi det har ho aldri tid til, all tid og energi ho har til overs etter å ha vert på jobb blir brukt opp på han.
Det høyres kansje egoistisk ut og sånn, men vi andre trenger oppmerksomhet vi og. Det er berre det at han TAR all oppmerksomheten heile tida, for med en gang han merker at han ikkje får oppmerksomhet, så lager han bråk eller noke for å få det.
Er det virkelig rettferdig at det skal vere sånn heile tida?
Det er ikkje fordi eg ikkje er glad i broren min, det er sjukdommen hans eg hater. Og eg trur det er mange som ikkje veit kor vanskelig dei med ADHD har det. Veit ikkje kor mange ganga eg har sett broren min grine og vere kjempe lei seg etter å ha gjort noke gale, som han slett ikkje meinte å gjere, men som berre skjedde. Det er slitsomt for oss, men det er endå meir slitsomt for han.
Vi har sagt mange stygge ting til kverandre, kansje styggare enn vi burde, men når han plager og irriterer som verst er det veldig vanskelig å ikkje bli sint og irritert, sjøl om eg veit veldig godt at eg ikkje burde bli sint, fordi då blir det berre endå verre. Men noken ganga mista eg berre kontrollen.
Skulle ønske broren ikkje hadde ADHD.

Kommentarer stengt.